Laurdag kl.14.00 er det klart for ny treningskamp, denne gang mot divisjonskollega Hødd, på Høddvoll.
Laurdagens kamp mot Hødd blir eit av to fotballhøgdepunkt denne laurdagen. For kl. 1900 er det "KICK OFF" på Ingbrigt Davik Huset. Der blir det presentasjon av årets dame og herrelag. Rekdal, Ingebrigtsen og Alsaker i ein og same person kjem. Utpå kvelden kjem også ein trubadur på scena. Så dette blir ein flott kveld! Vi håpe du tar turen.
Om du ikkje ynskjer å ta turen laurdag, så kan du sjå kampen på www.smp.no eller få tekstoppdatering på vår facebook side. Men som alle veit, fotball er kjekkast på stadion. Og sist vi besøkte Høddvoll 16. mai i fjor var det i allefall kjekt! Treningskampar får aldri den same ramma, men det er på tide å møte ein divisjonskollega og måle krefter mot noko av dei same forutsettingene som vi har. Det har vore jamnt med kampar siste tida, og treningsperioda laget er inne i er tøff. Så får vi sjå korleis det slår ut laurdag.
31.01 AaFK - BIL 1-2
07.02 AaFK 2 - BIL 0-8
14.02 Spjelkavik - BIL 0-3.
19.02 KBK -BIL 0-3
22.02 Hødd - BIL
29.02 MFK2 - BIL
14.03 Træff - BIL.
24.03 MFK - BIL
28.03 Levanger - BIL (lagene møtes midt mellom en plass)
04.04 Florø - BIL (kampen spilles på Nordfjordeid)