Måndag inviterte herrelaget inn til fest med danseskoa på. Det vart servert god fotball både offensivt og defensivt i storsigeren over Vålerenga. Laurdag må festantrekket skiftast ut med arbeidshanskar!
Alta borte er ein tøff kamp for alle motstandarar. I fjor vann laget heile ni av 13 heimekampar sjølv om dei berre kom på 6. plass på tabellen. Dette viser at laget har si store styrke i Finnmarkshallen.
Gamst Pedersen inn
Sidan i fjor har klubben vist musklar og henta inn blant anna Morten Gamst Pedersen. Legenda med snart 300 kampar i Premier League og 83 landskampar har vore god i byrjinga av sesongen. Trass i at han snart er 39 år så er form og motivasjon framleis god. Han vert ein viktig mann å stoppe om vi skal lukkast med å hente tre poeng.
For vår del så må vi lykkast med mykje av det vi var gode på mot Vålerenga. Alta er sjølvsagt ein mykje tøffare motstander, men presset og aggressiviteten må vere som mandag. Også balltempoet og rørsle utan ball må opp på same nivå.
Sam tilbake
Vi manglar nokre spelarar til denne kampen. Vemund Hole Vik reiser tilbake til USA, Joakim Barstad er ute med skade og Kasper Jensen får heim si nyfødte dotter. Såleis er ingen av desse med til helga.
Sam Tattum er tilbake er frå karantene etter utvisning i premieren. Han går truleg rett inn på laget igjen mot Alta. Elles reiser vi til Alta med ein god og toppmotivert tropp som meir enn alt ønskjer tre poeng.
Kampen kan du sjå på smp.no laurdag klokka 16:00.