​Spennande avslutning:
​Spennande avslutning:

TETT RUNDT MIDTEN MED TRE KAMPAR IGJEN


I årets sesong er det svært viktig å vere blant dei sju på øvre halvdel etter halvspela sesong. Alle der blir med i opprykksspelet. Med det som utgangspunkt blir dei tre neste kampane svært viktige.

Om vi ser på tabellen etter 10 kampar så er det berre fem poeng som skil Hødd på femte plass og Eidsvold Turn på 11. plass. Alle desse sju laga kjempar i realiteten om tre plassar på øvre halvdel. Då reknar vi med at dei fire øvste har nok poeng til å klare topp sju.

Topp fire

Etter ti kampar har storklubben Fredrikstad framleis til gode å avgi poeng. Ti av ti er sterkt av laget frå plankebyen. Samstundes er dette sjølvsagt ein klubb som er alt for stor til å rote i PostNord.

Bak FFK har Kvik og Alta plassert seg. Begge desse har avgitt litt poeng i det siste, men har så mange poeng at ikkje teori heller kan hindre dei i å vere med i opprykksspelet. Skeid er meir ustabil bak desse, men vi vil tru at 19 poeng er nok til at dei også blir med.

Best of the rest?

Kven blir så best av dei andre og vil bli med å kjempe om opprykk til Obos? Hødd har beste utgangspunktet med 17 poeng. Etter ein ujamn start har laget frå Ulsteinvik no tre strake sigrar. Med greit kampprogram dei tre siste så er Hødd så godt som bankers på å bli med vidare.

Då står vi i realiteten igjen med seks lag som kjempar om to plassar. Vi er neste lag på tabellen med 15 poeng. Vi har eit tøft kampprogram med Florø, Kvik og Fredrikstad. På gode dagar kan alle vinnast. Minst ein MÅ vinnast. Komande kamp mot Florø blir såleis ein seks poengar der Florø kan kome likt med oss med siger, medan vi er seks poeng føre dei med siger. Vi skal uansett ha nok kvalitetar til å kome med i opprykksspelet.

Siste plassen

Då har vi ein plass igjen å kjempe om for fem lag. VIF 2 ligg best an med 14 poeng. Resten har 12. Unggutane til VIF har tøft program med bortekampar mot både Hødd og Alta. Det gjer truleg at heimekampen mot Moss må vinnast.

Florø, Kjelsås og Tromsdalen har også tøffe kampar å sjå fram mot. Eidsvold Turn har det enklaste programmet, men dei er også laget med svakast form. Fire strake tap og 21 baklengs på fire kampar lovar ikkje godt før innspurten.

Dette gjer at vi trur at VIF stikk av med det lengste strået. Dei tar truleg Moss og vil med det gå vidare med 17 poeng. Florø vil med siger mot oss i helga melde seg på for fullt og ta einplass i siste liten. Kjelsås er også ein dark horse. Dei kan vinne sine tre siste kampar, men samstundes er alle tøffe kamparsom kan tapast.

Viktig i helga

Med andre ord vil kampen i helga mot Florø bli svært viktig for vår del. Med siger der legg vi eit solid grunnlag for å veremed i opprykksspelet. Klarer vi det så vil klubben også setje ny rekord i forhold til tabellplassering. Både i 1989, 1990 og i 2018 kom vi på 8.plass. Det ermykje som står på spel framover…



Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos