​POSITIVE INNSLAG PÅ TRENING MED HERRELAGET
​POSITIVE INNSLAG PÅ TRENING MED HERRELAGET

​POSITIVE INNSLAG PÅ TRENING MED HERRELAGET


Den siste perioden har vi hatt fleire innslag med gjestespelarar på herrelaget. Torsdag denne veka var blant anna ein lovande trio frå Norborg/Brattvåg 2 med og testa seg.​

Per Kristian Grytten Søvik, Eirik Koppen Vågnes og Per Kristian Helle Hildre er alle av den lovande 02-generasjonen som har gleda mange i Brattvåg opp gjennom åra. I år er alle i stallen til Kristian Søviknes på Norborg/Brattvåg 2 i 4. divisjon.

Torsdag denne veka var dei med på trening med herrelaget. Etter økta var gutane både slitne og nøgde: -Klart at det er kjekt å få testa seg mot endå betre spelarar. Ting går fortare, men samstundes ikkje verre enn at vi heng med, seier gutaneetter endt økt.

PK Helle Hildre har fleire økter i beltet siste perioden og har vist prov på at han har godt potensial. Han bur på Helland og har i ei årrekke vist at han er ein målscorar av rang.

Namnebror PK Grytten Søvik bur i Søvika. Han har ein slepen venstrefot og har i oppveksten spela midtbane. I år har han vore ein del på venstrebacken hos Søviknes. Her får han også brukt sin eminente fot og sitt gode blikk for gode pasningar.

Eirik K. Vågnes har vore sentral midtbanespelar det meste av karriera. Han er kjent for å ha ein stor arbeidskapasitet og for å vere ein slepen spelar med eit godt fotballhovud. I år har han spela ein del på venstresida av midtbane for det spennandelaget i Uggedalen.

Desse tre karane er alle eit prov på det gode samarbeidet vi har med Norborg som bidreg til at alle spelarar får naturlegprogresjon og heile tida har å strekkje seg etter frå G16, via junior til Norborg/BIL 2 og til slutt til a-laget og proffkontrakt for dei som kjem gjennom det trange nålauget.

PS! I tillegg til desse lovande karane har Vemund Hole Vik (USA-student med fortid i Aafk og Herd), Erlend Blø (03-årgang frå Midsund) og Tobias Flem (02-årgang frå Emblem) vore med og trent og gjort svært godt inntrykk på trening med herrelaget.

Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos