PERMITTERINGAR I SPORT I BRATTVÅG FOTBALL
PERMITTERINGAR I SPORT I BRATTVÅG FOTBALL

PERMITTERINGAR I SPORT I BRATTVÅG FOTBALL


Brattvåg Fotball har valgt å permittere trenarar og spelarar på ubestemt tid. Dette grunna usikkerheita knytt til spreiinga av korona-viruset.

Dagleg leiar Oddmund Davik Otterlei hadde i dag møte med representantar frå dei tilsette og begge partar er einig i at der er grunnlag for permittering. Otterlei skryt av dei tilsette: -Både spelarar og trenarar viser stor forståing for denne vanskelege situasjonen og er innstilte på å ta sin del av dugnaden. Dette set vi som klubb stor pris på. Det er leitt at det må permitterast, samstundes var dette den einaste fornuftige løysinga, seier dagleg leiar.

Det er usikkert kor lenge permitteringane vil vare, men straks ein får byrje med organisert trening igjen, vil spelarar og trenarar bli kalla tilbake til arbeid.

Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos