​NÅR KAN VI FORVENTE SERIEFOTBALL PÅ BRATTVÅG STADION?
​NÅR KAN VI FORVENTE SERIEFOTBALL PÅ BRATTVÅG STADION?

​NÅR KAN VI FORVENTE SERIEFOTBALL PÅ BRATTVÅG STADION?


Svært mange saknar fotballen. Det vere seg å sjå ein god (eller mindre god) kamp i godstolen framfor fjernsynet, eller å gå på stadion saman med gode vener og sjå favorittlaget spele kamp. Desse som saknar fotballen lurer nok også på når vi kan forvente å sjå kamp på stadion.

Eliteserielaga har fått byrja å trene normalt igjen. Dette med strenge restriksjonar og alle involverte i karantene. Ein av grunnane til at desse laga får byrje er at dei har ressursar til å ha alle involverte i karantene. Om alt går etter planen spelar Eliteserien første serierunde 15.-16. juni. Det blir i byrjinga spela mot geografisk nære motstandarar. Det betyr at Molde, Aalesund, Kristiansund og Rosenborg skal ha innbyrdes kampar dei første serierundene. Etter kvart vil desse møte også dei andre laga.

Kva med Brattvåg?

Kva så med resten av fotballpyramiden? Det har tidleg vore kommunisert frå NFF at Obos-ligaen og Toppserien for kvinnene skal byrje fire veker etter Eliteserien, medan vi i PostNord og 1. divisjon for kvinner skal starte seks veker etter. Dette er dog avhengig av kva myndigheitene seier. Det kan bli letta på restriksjonane tidlegare, og då vert starten vår flytta fram. Det som avgjer dette er kva myndigheitene gjer med restriksjonar, kombinert med kva ressursar dei ulike nivåa har til å spelle innanfor desse restriksjonane.

Alle våre andre lag i klubben er innanfor paraplyen til Sunnmøre Fotballkrets og vil følje krinsen sine vedtak. Krinsen igjen gjer sine vedtak etter anbefalingar frå myndigheitene.

Håpet for våre lag er at smitten held seg lav og at det går bra med oppstarten både i Eliteserien og i diverse ligaer i utlandet. Det vil kunne framskynde vår seriestart.

Serieoppsettet

Mange spør seg også korleis dei ulike turneringane skal spelast. Får ein tid full serie med 26 kampar for vårt herrelag? Blir det enkel serie og 13 kampar? Blir det å dele PostNord-ligaen i fleire avdelingar og spele heime og borte mot færre lag? Blir det storkampar i cupen på stadion i år?

Signala frå forbundet er at vi kjem til å spele heil eller halv serie. Avdelingsoppsettet blir ikkje endra. Med oppstart tidleg i juli vil det vere gode moglegheiter for fullverdig serie med 26 kampar. Med oppstart seint i juli kan dette halde hardt. Vi får 21 helgar frå 25. juli til 28. november. Då må vi også få pressa inn 5 midtukekampar. Brattvåg ønskjer å få til dette. Utfordringane kan bli mange og dyre reiser med begrensa flytrafikk. Dette kan føre til at enkel serie blir valet.

Cupen er det også uvisst med. Kvalifisering blir det ikkje og det går mot at eliteserielaga kjem inn i cupen seinare enn vanleg. Dette fordi terminlista deira blir svært tett i haust med mange seriekampar og europacup.

Uvisse

Vart du klokare? Sikkert ikkje. Uansett er det slik ståda er pr i dag. Uvisse… Det som uansett er sikkert; vi gledar oss veldig til det blir kampar igjen på alle nivå på Brattvåg stadion med entusiasme både på bana og på tribuna. Den som ventar på noko godt…

Av Oddmund Davik Otterlei

Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos