​NÅR BLIR DET OPPSTART I POSTNORD?
​NÅR BLIR DET OPPSTART I POSTNORD?

​NÅR BLIR DET OPPSTART I POSTNORD?


Det har vore beskjedent med informasjon kring herrelaget vårt og oppstart i PostNord-ligaen. Framleis er ein ikkjesikre, men no har i allefall NFF kome med sine forslag til helsemyndigheitene.

Fredag ettermiddag var det møte mellom NFF, Divisjonsforeningen og alle klubbane i PostNord. Der kom NFF med aktuelle eventualitetar til sesong i høve oppstartstidspunkt for ligaen vår.

NFF sitt framlegg for helsemyndigheitene er at vi kan byrjemed normal trening frå måndag 8. juni. Dette inkluderer også treningskampar frå denne dagen. I framlegget er det også ønksje å starte PostNord-ligaen laurdag 4. juli. Får ein løyve til dette frå sentralt hald, vil det verte vanleg serie og 26 kampar i serien i år. 15. november vil vere siste helga med kampar.

Om det ikkje vert oppstart 4. juli, men seinare same månadvert det ikkje anledning til fullverdig sesong. Då vil det vertespelt halv serie og etter dette vil dei sju beste speleopprykksspel og dei sju svakaste nedrykksspel.

Vert det ikkje seriestart før i august vil det verte spela enkel serie med vanlege opp- og nedrykksreglar.

Kva med terminlista?

Om det blir spela serie frå 4. juli så vil dei kampane som er lagte frå 4. juli og utover gå som oppsett. Dei utsette kampanevil bli plasserte i diverse midtvekekampar og i helgane etter at den ordinære serien skulle vere ferdigspela.

Dette betyr at Brattvåg byrjar på gamle og æreverdige Melløs i Moss søndag 5. juli. Ein tøff start mot Noregs beste lag i 1987. Første heimekamp blir etter planen mot Tromsdalen søndag 12. juli. Nok ein tøff kamp mot eit lag som nok er sugne på å revansjere nedrykket frå Obos-ligaen i fjor.

Kva med NM?

Det er framleis usikkerheit kring cupen. Dette fordi UEFA ikkje har fått lagt sine planar for Europacupane for 19/20 og 20/21. Desse kan ta svært mange av midtvekene og då vil det bli vanskeleg å spele cup. Om ein ser at ein kan skvise cupen inn, så vil NFF strekkje seg langt for å gjere dette.

Uansett går det mot ein sommar og haust fyllt med fotballkampar for laget våra. Ei hektisk, spananade og kjekk tid er i vente… :)

Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos