​LOKALE TRENARAR TEKNE UT PÅ UEFA B-KURS


Våre eminente juniortrenarar Anis Pajevic og Marius Fylling Rogne har kome seg gjennom det trange nålauget og har blitt teke ut til å UEFA B-kurs som skal vere i november.

Anis og Marius har etter kvart fått fleire år på baken som trenarar i klubben. I år leiar dei samarbeidslaget Norborg/Brattvåg/Harøy på junior. At dei av mange søkarar har blitt teken ut til UEFA B-kurs syner at dei har gjort det godt på forkursa og at krinsen har tru på dei som trenarar.

For klubben er det også særs viktig at vi får utdanna og utvikla nye trenarar som kan bli viktige for klubben si sportslege utvikling i mange år framover.

Anis Pajevic var svært nøgd med å få beskjeden frå krinsen: - Veldig nøgd med å bli tatt ut, og ekstra stas at vi er fleire fra Brattvåg/Norborg i år. Dette var et naturlig steg videre for meg i trenargjerninga, etter å ha fullført Grasrottreneren for noen år siden og deltatt på ulike trenarsamlingar i regi av krinsen. Ønsket er sjølvsagt at klubben også drar nytte av det å ha fleire skolerte trenarar nedover i systemet, og at det kanskje også vil motivere fleire i Brattvåg IL til å ta trenerutdanning, seier Anis.

Vi gratulerer karane og ønskjer lykke til med kursa.

Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos