KAN VI SLÅ SKEID, SØNDAG 1430 OG ENDE PÅ 6.PLASS?
KAN VI SLÅ SKEID, SØNDAG 1430 OG ENDE PÅ 6.PLASS?

KAN VI SLÅ SKEID, SØNDAG 1430 OG ENDE PÅ 6.PLASS?


Søndag kjem Skeid på besøk til det som er siste kampen for sesongen for vårt herrelag. Med siger vil vi passere Tromsdalen og ende på 6. plass i denne sesongen som har vore like spesiell som året elles har vore.

For ei veke sidan bestemte forbundet å avlyse alle kampar i vår avdeling ettersom opprykkslag og kvalifiseringslag var klart. Skeid hadde ein spelar som måtte sone karantene før kvalifiseringa og difor vart det bestemt at Skeid sine kampar skulle spelast. Den siste av desse er altså mot oss i morgon.

6. eller 7. plass

Det har vore ein svært lang sesong for spelarane. Frå å vere permitterte ei periode så har det vore fotball heile tida sidan midt i juni. Kampane har kome kvar helg og sesongen som eigentleg skulle vere ferdig for fire veker sidan blir først avslutta i morgon.

Med siger i kampen mot Skeid søndag vil vi passere Tromsdalen og kome på 6. plass på tabellen. Det vil vere eit godt steg i rett retning for klubben etter åttande plass som beste plassering tidlegare.

Kven blir stoppar?

Peter Nielsen skada seg i internkamp førre helg. Den solide danske forsvararen fekk strekk og er ute mot Skeid. Også Kasper Jensen er framleis ute med skade i ankelen. Det gjer at der er ein åpen plass i midtforsvaret saman med Juan Cordero. Truleg vil Vemund Hole Vik bli flytta inn frå backplass. Svaret får vi søndag.

Elles er Robin Shroot framleis ute med brot i foten og Marius Refsnes er ute med karantene etter for mange gule kort. Gledeleg er det at Fredrik Hurlen er tilbake i troppen etter ei periode ute med skade.

Kva stiller Skeid med?

Skeid har vore formlaget i sluttspelet og vist god form. Laget hadde seks strake sigrar før det vart uavgjort mot Fredrikstad førre helg. Kampen mot Brattvåg i morgon er uansett ikkje så viktig for laget frå Oslo Øst. Det er kvalifiseringskampane mot Asker frå den andre avdelinga som avgjer om laget kan rykke opp til Obos-ligaen.

Om laget stiller med heile skytset så kjem eit svært slagkraftig lag. For publikum er nok Daniel Braathen det mest kjente namnet. 52 a-landskampar for Noreg har kraftpluggen i beltet. I tillegg har han spela i Premier League og Ligue 1 i Frankrike.

Johnny Buduson er Skeid sin soleklare toppscorar. Heile 15 scoringar har han scora på 18 seriekampar i år. Det gjer han til mestscorande i PostNord avdeling 1 i år. Buduson blir altså ein mann vårt stopparpar må passe på.

Kven blir årets spelar?

På BIL si heimeside har vi gåande ei kåring av årets spelar. Der kan alle gå inn og stemme. Straks etter kampen mot Skeid vil vinnaren bli offentleggjort og publikum får vere med på overrekking av pokal til vinnaren.

Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos