​KAMP MOT HØDD UTAN TILSKODARAR
​KAMP MOT HØDD UTAN TILSKODARAR

​KAMP MOT HØDD UTAN TILSKODARAR


Laurdag klokka 13:00 møter vi Hødd til treningskamp heime på kunstgraset. Kamper går utan tilskodarar, men Sunnmørsposten sender kampen.

I morgon spelar vi første kamp etter at koronaen sette ein effektiv stoppar for kontaktidrett midt i mars. Såleis er det ein spent gjeng som gledar seg til å få på seg drakta igjen til laurdagens kamp heime mot Hødd.

For den som hugsar så tapte vi 4-0 borte mot Hødd i treningskamp på Høddvoll i februar. Dette var ein kamp våre karar var svært lite nøgde med i etterkant. Dei er nok klare for å vise seg frå ei betre side i morgon.

Vi stiller med nær full stall til kampen. Simon Tomren er framleis uaktuell og Niklas Rekdal er tvilsam etter ein skade i ankelen. Marius Refsnes måtte stå over nokre økter tidleg i veka, men kan vere klar til dyst mot dei blå frå Søre Sunnmøre.

Grunna reglane i høve oppstart av fase 3 så er det ikkje tillate med tilskodarar til kampen. Vi oppmodar difor alle om å sjå kampen hos Sunnmørsposten. Det blir også oppdatering via facebook/twitter.


Foto: Andreas Bjerknes, Vikabladet

Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos