Vår gode stoppar/midtbanespelar Joakim Barstad søkjernye utfordringar. Etter at han fekk bekrefta skuleplass i Trondheim frå hausten av har han etter avtale med klubben blitt einig om å avslutte kontrakta.
Vatneguten Joakim var tidleg ein del av Aafk si utviklingsavdeling. Her gjorde han seg så bemerka at han allereie frå 15 års alder var ein del av aldersbestemte landslag. Heile 33 kampar vart det i lag med spelarar som Martin Ødegaard, Kristoffer Ajer og Sander Berge med flagget på brystet.
Debuten i Tippeligaen kom i 2017 der han hjalp tangotrøyene til siger på Viking stadion. Dette vart også einaste opptreden for Joakim som kom til Brattvåg i 2018. 29 kampar i PostNord har det vorte for den sindige karen frå Øvstebygda frå Vatne.
Til hausten blir det truleg kampar i PostNord avdeling 2 for Nardo som gjeld. Ikkje noko er signert, men samtalane har kome så langt at det ser ut til å bli klubben som får den luftsterke stopparen sine tenester.
Brattvåg Fotball takkar Joakim for bidraget, ønskjer lykke til med studier og fotball i Trondheim og ønskjer deg velkommen tilbake når du vender nasen heimover.