Herrelaget skal spele 10 treningskampar før seriestart, vi opnar borte mot Aalesunds FK førstkomande fredag kl. 1700.
Vi går rett mot Eliteseriemotstand, på Color Line Stadion mot fjorårets suverene vinnar av Obos-ligaen, vi skal faktisk møte tre eliteserielag i løpet av dei ti treningskampane som er planlagt.
Oversikta under viser kampane som herrelaget skal spele før vi serieopnar på heimebane mot Skeid 13. april, Skeid som rykka ned i frå Obos-ligaen i 2019 blir ein spanande peikepinne på kvar vi står når alvoret for fullt sett i gang.
31.01 AaFK - BIL
07.02 AaFK 2 - BIL
14.02 Spjelkavik -BIL
18.02 KBK -BIL
22.02 Hødd - BIL
29.02 MFK2 - BIL
14.03 Træff - BIL
24.03 MFK - BIL
28.03 Levanger - BIL (lagene møtes midt mellom en plass)
04.04 Florø - BIL (kampen spilles på Nordfjordeid)
Tradisjonen tru, så spelar vi kun på bortebane i treningskampane, men fortvil ikkje, dei fleste kampane er i nærområdet så det er fullt mogleg å følgje laget fram mot seriestart.