​Fløya – Brattvåg søndag klokka 13:00
​Fløya – Brattvåg søndag klokka 13:00

​Fløya – Brattvåg søndag klokka 13:00


Brattvåg står over skikkeleg mental test når vi i morgon møter botnlaget Fløya borte. Unngår vi å skli på bananskalet som ligg framføre oss? Klarer vi å sikre tre viktige poeng i kampen om plass blant topp sju?

Ni kampar. Ni tap. 5-44 i målforskjell. Det er statusen til botnlaget Fløya halvvegs ut i sesongen. Det er med andre ord det soleklare botnlaget som tar i mot oss til kamp i Tromsø i morgon. Vi er med andre ord soleklare favorittar. Så store favorittar at tippeselskapa ikkje har odds på kampen. Klarer vi å takle favorittstempelet?

Fløya

Motstandar Fløya rykka opp frå Norsk Tipping-ligaen i fjor. I januar vart det annonsert at TIL-legendene Steinar Nilsen og Morten Kræmer skulle ta over laget. Ein ønska i tillegg langslagsstjerna Morten Gamst Pedersen inn i troppen. Alt såg med andre ord lyst og spennande ut for den nyopprykka klubben.

Nilsen og Kræmer vart eit kortvarig eventyr, medan Gamsten valte Alta. I tillegg bar dei første kampane prov på at oppkøyringa og spelarlogistikken ikkje har vore optimal. Det som skulle vere ein sesong med optimisme og glød har blitt meir som eit mareritt. Det ein store tapet har avløyst det andre og ein er nær fem baklengsmål i snitt.

Samstundes viste kampen mot FFK sist helg teikn til betring. Der heldt laget stand i 44 minutt mot det beste laget i avdelinga. Laget er også tru mot sin spelande stil og lukkast dei med den er dei gode. Det vil vere viktig for våre menn å få den første scoringa mot laget frå nord.

Fleire klare, men Shroot skada

Etter den gode sigeren mot Eidsvold Turn førre helg har vi hatt ei svært god treningsveke. Fleire er tilbake i trening, og dei nye spelarane Peter Jul Nilsen, Robin Shroot og Markus Eiane har tilført ekstra kvalitet.

Til denne kampen er dessverre ikkje Shroot med. Både han og Fredrik Hurlen skada seg på trening i veka og vart ikkje med laget nordover. Gledeleg er det at Torbjørn Grytten har trena godt denne veka og er kampklar til søndag.

Av dei andre skadde er Niklas Rekdal i trening med laget igjen etter skaden for fire veker sidan. Også Harmohan Singh gjer stadig meir saman med laget i trening etter leddbandskaden i kneet. Det same gjeld for Simon Tomren. Han har stadig meir styrke i det korsbandskadde kneet, men det er samtidig viktig med tålmodigheit før han er kampklar.

Viktig å omsette sjansane

Til kampen mot Fløya vil det vere viktig å omsette sjansane vi får. Vi har i perioder skapt svært mykje, men ikkje vore gode nok i å omsette sjansane til scoring. Dette er ofte det vanskelegaste i fotball. Dette blir viktig å lukkast med om vi skal slå Fløya. Om heimelaget scorar først og vi byrjar å brenne sjansar kan det bli ein frustrerande kamp. Om vi scorar først og er effektive kan det bli moro.

Tre poeng vil uansett vere svært viktig. Frå 6. til 10. plass skil det eitt poeng. Vi gjer det lettare for oss sjølve med tre poeng søndag. Den første av fire finalar før sluttspelet.

Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos