Ei skikkeleg gladsak i Brattvåg Fotball; vår viktige spelar Emil Dahle har blitt einig med klubben om å forlenge avtalen. Den nye avtalen binder Emil til klubben ut 2022-sesongen.
-Eg og familien trivast svært godt i Brattvåg. Det er sjølvsagt viktig for meg. Sportsleg så viser denne kontrakta at eg har trua på det sportslege i klubben. Vi har blitt betre for kvart år sidan eg kom i 2017. Det er svært motiverande å vere med på, seier Emil om litt av grunnen til at han har valgt å signere.
Emil kom til Brattvåg når klubben var i 3. divisjon i 2017. Han var med på opprykk første året og har vore med på etablere klubben i PostNord. Alle dei store opplevingane på bana er også noko av det han vil ha meir av.
-Eg har vore med på mykje, men mange av mine beste opplevingar har eg hatt med Brattvåg. Mange gode cupopplevingar med blant seier over Molde og heimekamp mot RBK i 3.runde framfor 2000 patriotar. Eg hadde frysningar under innmarsjen og det folkehavet som venta oss til kampen mot RBK. Eg trur årets sesong kan fort samanliknast med cupen. Det er færre kampar og alle kampane blir ekstra viktige. Det blir veldig kjekt, seier den teknisk skolerte Emil.
Emil er ein av dei meir erfarne i klubben. Han har spela Eliteserie med Start og Stabæk og vore med fleire klubbar i Obos. Likevel blir han ikkje mett av fotball.
-Sjølv om eg er 32 når denne kontrakta går ut så føler eg at kroppen er klar for endå meir fotball. Eg er lett i kroppen, stort sett skadefri og tar vare på kroppen min. Såleis kan det fort bli fleire år. Samstundes så merkar et at det å ta vare på kroppen berre blir viktigare og viktigare. Men om det ikkje blir Brattvåg etter denne kontrakta så blir det sikkert MLS i USA eller til Kina, smiler Emil.
For Brattvåg er signeringa av Emil Dahle eit positivt signal. -Emil har vore ein støttespelar i fleire sesongar og vil vere det vidare. At han signerer ein lang avtale med oss viser at han har tru på det som skjer her. Dette er også eit positivt signal til omgivnadane. Emil er eit førebilete for våre unge spelarar og ein framifrå ambassadør for klubben, seier dagleg leiar Oddmund Davik Otterlei.
Brattvåg Fotball gratulerer Emil med ny kontrakt med klubben og ser fram til nye sesongar med deg på laget.