​Brattvåg heidra Ebbe Skovdahl
​Brattvåg heidra Ebbe Skovdahl

​Brattvåg heidra Ebbe Skovdahl


Som mange kanskje har fått med seg så fall dessverre Ebbe Skovdahl bort før helga. Far til trenar René døydde etter ei tid med sjukdom. Dette ville Brattvåg sine spelarar markere ved å spele med sørgebind i kampen mot Fredrikstad.



Ebbe Skovdahl har vore ein markant skikkelse i dansk fotball gjennom fleire generasjonar. Han trena den danske storklubben Brøndby i tre periodar og han har trena Benfica i Portugal og Aberdeen i Skottland.

Med Brøndby gjorde Ebbe stor suksess av vann den danske serien heile fire gongar. I tillegg løfta klubben cuptroféet tre gongar under hans kyndige leiing. I Europa hadde han også store kveldar med det danske laget blant anna ved å slå ut Liverpool av Uefa-cupen i 1995-96.

Ebbe Skovdahl ga seg som trenar på toppnivå i 2005. I ettertid har Ebbe blitt heidra med eigen lounge på Brøndby stadion.

Fredag 23.oktober døydde Ebbe Skovdahl etter ei tid med sjukdom, 75 år gamal. Vi lyser fred over Ebbe sitt minne og sender alle våre tankar til hovudtrenar Rene og hans familie i denne vanskelege stunda.

Vi kan lese meir om Ebbe på Brøndby sine heimesider.

https://brondby.com/nyhed/2020/10/23/en-af-de-stoerste-har-takket-af

Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos