​Brattvåg – Alta laurdag 16:30
​Brattvåg – Alta laurdag 16:30

​Brattvåg – Alta laurdag 16:30


Etter tretten innleiande kampar byrjar endeleg sluttspelet for Brattvåg laurdag. Då er Alta gjestar på Brattvåg stadion for første gong. Det går mot ein tøff og tett kamp mellom to gode lag.

I juli var Brattvåg i Alta og møtte heimelaget i Finnmarkshallen. Det var ein svært god kamp mellom to solide lag. Vi leia lenge og burde avgjort kampen, men utvisning og mål i mot gjorde at det avslutta 1-1 i det som kanskje var årsbeste spelemessig.

Rutinert motstandar

No åpnar sluttspelet i PostNord avdeling 1 med heimekamp mot Alta og det går nok mot ein ny tøff kamp for våre menn. Alta har plukka 25 poeng på 13 kampar og er berre eit poeng bak 2.plassen i avdelinga. Laget viste svært god form lenge, men har no tapt fire av sine fem siste kampar. På bortebane har dei tre siste kampane enda med tap.

Uansett form så er det eit lag med ein sterk tropp som kjem til Brattvåg. Fleire spelarar har erfaring frå Eliteserien og ikkje minst har ein Morten Gamst Pedersen som har 349 kampar for Blackburn og 83 landskampar for Noreg. Gamsten viste sist vi møtte Alta at han framleis har nivået inne og han har prestert godt og bidrege med seks scoringar i år.

Mestscorande for Alta er Christian Reginiussen. Dette er også ein svært erfaren spelar. Han debuterte for Alta i Obos-ligaen (då Adeccoligaen) allereie i 2005. Han er dog ikkje åleine om å vere erfaren. Alta har den desidert høgaste snittalderen i avdelinga med nesten 29 år.

Formsterke spelarar

Sjølv om vi tapte 1-2 etter ein god kamp mot Fredrikstad så har vi ein gjeng i god form. Spelarane gledar seg til å ta fatt på sluttspelet og har tru på at ein skal bite godt frå seg.

Vi stiller med 20 mann i troppen og kjekt er det at HarmohanSingh og Niklas Rekdal er med igjen. Dette gjer at vi pr i dag kun manglar Simon Tomren, Robin Shroot og Fredrik Hurlen. Fredrik har betennelse i eit kne, men vi håper han er tilbake om eit par veker. AgwaObiech er i korona-karantene etter overgangen frå Moss, men er klar til trening med laget frå måndag av.

Kasper Jensen er også tilbake etter karantene mot Fredrikstad. Ola Husby og Sam Tattum fekk sine fjerde gule kort i den kampen, men desse vart strokne før sluttspelet og karane er disponible til kampen mot Alta.

Ta turen og sjå toppfotball

Grunna haustferie så har ein del med sesongkort meldt frå at dei ikkje kjem til kamp i helga. Vi har difor ein del ekstra plassar ledig til kampen. Ta turen! Du kan kjøpe billett ved inngangen eller på førehand. Vipps til 130418. 150 for vaksen og 50 for born.


Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos