​AGWA FRÅ MIDSUND SIGNERTE KONTRAKT UT ÅRET
​AGWA FRÅ MIDSUND SIGNERTE KONTRAKT UT ÅRET

​AGWA FRÅ MIDSUND SIGNERTE KONTRAKT UT ÅRET


Seint mandag kveld vart midsundingen Agwa Obiech speleklar for Brattvåg. Etter å ha blitt frigitt av Moss signerte den sterke spissen ei amatørkontrakt med oss ut året.

9. august: Agwa Obiech snappar ballen og set den forbi Aleksandar Stankovic i hard kamp med Kasper Jensen. Moss tar leiinga 1-0. Brattvåg utliknar seinare og kampen endar 1-1. To månader seinare kan det vere duka for nye scoringar for Agwa på Brattvåg stadion. Då spelarhan for Brattvåg og er klar til å dunke inn ballar i sluttspelet i PostNord.

Sidan Moss ikkje kom med i sluttspelet har dei teke juleferie allereie. Då ønskte klubben å kvitte seg med spelarar på utgåande kontraktar og lønsutgiftene til desse. Sidan Agwa er frå Midsund så vart vi kontakta om dette kunne vere aktuelt. Og sidan lokale kvalitetsspelarar alltid er aktuelle for Brattvåg, så var dette ei anledning vi ikkje kunne la passere. Seint mandag vart det då klart at Agwa er tilgjengelig for oss resten av sesongen.

Innom mange klubbar

Agwa er altså frå Midsund og debuterte for a-laget der allereie i 2012 som sekstenåring. I 2013 gjekk vegen over fjorden til Molde. Der var han ein del av akademiet i tre år og spelte saman med blant andre Ola Husby og Neydson da Silva. Etter Molde gjekk reisa via Træff, Ullern og Byåsen, før han kom til Moss i vinter.

I Moss har Agwa spela 12 av dei 13 seriekampane laget har hatt og scora tre mål. Eitt av måla kom altså her på stadion. Som spelartype er Agwa ein sterk og hardtarbeidande spiss med god fart. Han er svært ambisiøs og trenar godt. Såleis passer han godt inn i vår gruppe.

Velkommen skal du vere, Agwa. Vi gledar oss til å sjå deg i gult på stadion!

https://www.brattvag-il.no/nyheiter/2020/billettinformasjon-til-kampen

Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos