​2.plass og stort fotballutbytte
​2.plass og stort fotballutbytte

​2.plass og stort fotballutbytte


I helga spelte samarbeidslaget Brattvåg/Norborg/Harøy jr. over 6 timer fotball på halvanna dag i opninga av breiddeball for ungdom!

I helga blei fotball for barn og unge opna ute på Valderøya og Hessa. Her deltok samarbeidslaget BNH junior, og beit meget godt frå seg. I opningskampen blei det 2-1 siger etter at, turneringas toppscorer, Per Kristian Helle Hildre, scora to minutt før slutt. Noko som skulle vise seg å bli vinneroppskrifta. SIF/Hessa og Blindheim blei óg slått i gruppespelet, der kampen mot SIF/Hessa var det fotballmessige lyspunktet. Mykje god fotball, der ein fekk brukt heile spekteret av fotballkunst. Ein solid 5-1 siger, fylgde opp med ein 3-1 siger over Blindheim, der ein òg scora heilt på slutten.

I kvarten venta Ørskog/Stordal, og ein såg allereie her at gutane begynte å kjenne den fysiske påkjenninga frå over 20 grade og sol frå dagen tidlegare. Ein tok fyst leiinga med Brattvåg’s Michael Jordan, Eirik Vågnes, etter ein dødball. Ørskog/Stordal reduserte like etter pause, men som tidlegare var Hildre, betre kjent som PK Spiss, på plass like før slutt.


Dramatikk og næringsslutt
I semifinalen venta nok ein gong SIF/Hessa, og her blei det dramatikk frå byrjinga. Fyrst får S/H straffe, som Sander Arntsen redda meisterleg, før keeperen til S/H blei utvist etter å felt PK Spiss på 16,78 meter. På det påfølgande frisparket, skyt Vågnes på keeper som gir retur, og PK Spiss satt den sikkert i mål. Sjølv med 10 mann kriga S/H betre enn guttane frå Haram, og utlikna tidleg. Dog tok kreftene slutt for heimelaget, medan juniorane våra satt inn det siste lille dei hadde, der Igor Leonov blei den store helten på overtid.

I finalen venta nok eit vertskap, Valder, som berre hadde sluppe inn to mål før finalen, og hadde ein brei stall disponibel. BNH junior forsøkte å halde formasjon, og ligge i 4-5-1 for å spare krefter, og hadde fleire sjansar på 0-0 til å ta leiinga. I finalen var det Valder som ville mest, og kunne mest, og leda fortent 2-0 til pause etter to kjappe midtvegs i 1.omgang. 2.omgang starta på verst tenkeleg vis når Valdergjekk opp i 3-0, men PK Spiss gav nok eit håp til dei oransjkledde for anledninga, når han reduserte til 1-3. Det ville seg ikkje for gutane i finalen, og det enda med siger til Valder i opninga av breiddefotball på Sunnmøre.

- I finalen handla det om å få brukt kreftane smartast, og ikkje brenne av meir enn nødvendig, det ha vore enorm slitasje på spelarane i helga, som skal vere stolt over helgas prestasjonar. Vi har fått eit fantastisk utbytte på fleire plan. Vi har fått utvikla spelet vårt i større grad, vi har greidd å bygge karakter, og pusha grensene til fleire enn kva dei ville trudd sjølv. Helga vise at BNH jr kjem til å bite godt frå seg i 1.-og 3.divisjon, og ville kunne få fleire spelarar som utviklar seg gjennom hausten, seier dei to trenarane Marius Rogne og Anis Pajevic.

Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos