Dommarsignering
Dommarsignering

Dommarsignering


I vår var det fleire enn berre spelarar som blei signert av Brattvåg IL. Også på dommarfronten var det overgangsaktivitet. "Årets hederspris 2018" blant dommarane skifta frå Lepsøy IL til Brattvåg IL, Norvald Helge Lausund. Norvald dømte i fjor over 60 kampar i regi av Sunnmøre Fotballkrets, samt ein haug med kampar på Norway Cup der han blei premiert med ein finalekamp for sin prestasjon.

"Vi er særdeles glade for å få Norvald med på laget. Han er ein habil og dyktig dommar som vil representere Brattvåg IL på ein veldig fin og flott måte. Med Norvald på laget, så sørger Brattvåg IL for at over 300 kampar kan spelast på Sunnmøre og på Norway Cup" sei dommarkoordinator i klubben Fredrik Klokk Løken.

Frå før har vi allereie Bjarte Steinsbu, Oddbjørn Hatlehol og Saravin Sadasaralingam som reiser rundt å dømmer mange kampar, i tillegg til dei unge lovande klubbdommarane som dømmer Brattvåg IL sine kampar på stadion. "Vi blir nå ein enda større dommarklubb, og vi håpar å vekse vidare i framtida. Utan dommar, ingen kamp"

Vi ønskar Norvald hjertleg velkommen til Brattvåg IL.

Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos