Dommarmiljøet i Brattvåg IL
Dommarmiljøet i Brattvåg IL

Dommarmiljøet i Brattvåg IL


Oppsummering av sesongen for dommarmiljøet.

I 2019 har ikkje berre Brattvåg IL sine seniorlag og breiddelag vore i aksjon. I Sunnmøre Fotballkrets så har Brattvåg IL hatt seks representantar som har dømt kampar i 2019. Desse seks dommarane er rangerte som kretsdommarar, dette er høgt i kretsen sammenlignet med andre klubber. Utanom dette har Brattvåg IL arrangert klubbdommarkurs, kor unge dommarar har dømt barnefotball og ungdomsfotball.

Aktive dommarar

I 2019 har Brattvåg IL hatt 6 kretsdomarar og 16 klubbdomarar i aksjon. Kretsdommarane til Brattvåg har dømt alt i frå kamper i ungdomsfotballen og til og med 4.divisjonskamper. Bjarte Steinsbu har vore den dommaren her i Sunnmøre som har dømt flest kampar i sesongen 2019. Han dømte heile 89 kampar i aldersklassene 13 til seniorfotballen. I tillegg til desse hadde han ca. 20 kampar på Norway Cup i tillegg til ein del treningskampar. Den nypensjonerte læraren Steinsbu hadde gått over 100 kampar i sesongen 2019.

Oddbjørn Hatlehol, Norvald Lausund, Fredrik Klokk Løken og Saravin Sadasaralingam er dei fire andre dommarar som har dømt ungdomsfotball og dømt i seniorfotballen også. Frank-Robert Estilrønningen er den siste som har dømt ein del i ungdomsfotballen.

Forskjellege stadar i dommarkarrierane

Vi har tre dommarar i klubben som har dømt fotball i mange år. Bjarte Steinsbu, Oddbjørn Hatlehol og Norvald Lausund er namn som blir kjend igjen på mange av banene her på Sunnmøre. Desse tre er dommarar som dei fleste trenarane på seniorlaga kjenner at. Fredrik Klokk Løken er også ein dommar som har dømt i mange år. Han har dømt relativt kort periode om man samanliknar med «veteranane». Uansett så har Løken dømt høgt oppe og har vore oppe i 1.divisjon som 4.dommar.

Frank-Robert Estilrønningen har dømt ein del ungdomskampar, og han begynte å dømme her i kretsen etter sommar, så neste år ser vi nok enda ein dommar frå Brattvåg i ein seniorkamp. Saravin Sadasaralingam har i år dømt ein del kampar i ungdomsfotballen og fått kampar heilt opp til 4.divisjon som assistentdommar. Han har også blitt tatt ut i satsingsgruppa, NORCORE i kretsen, ein satsingsgruppe for unge dommarar som kretsen ser potensiale som kan bli toppdommarar i framtida.

Når man ser på alderen til dommarane i Brattvåg IL er den varierande. Nokon har nådd toppen av karrieren, nokon har komet godt i gang og dømt fleire år, mens andre er framleis tidleg i karrieren og tar dei første stega i dommarkarrieren.

Om yngre dommarar har lyst å bli dommar så arrangere klubben klubbdommarkurs for 14-åringane kvart år. Her er det mogleg for eldre også å delta. Dette er det første steget mot ei dommarkarriere kor du får læring i kva som trengs til å dømme 3er, 5er og 7er, for aldersklassene 6-12 år. Etter å ha dømt nokre kampar og man har ein følelse på at dette meistrar man, så er rekrutteringsdommarkurset neste. Der får man læring i å dømme 11er og 9er i aldersklassene 12-19år og etter å ha dømt ein del kampar som rekruttdommar blir man autorisert som kretsdommar. Då kan man få kampar i seniorfotballen også. Så om der er yngre som vil bli dommar, enten toppdommar i framtida, eller tene lommepengar, så er klubbdommarkurset i Brattvågen første steg.

Brattvåg IL godt representert

I Brattvåg IL har dei dommarar som dømmer ein stor del av kampane på Sunnmøre kvart år. Bjarte Steinsbu står med 89 registrerte kampar i sesongen 2019, Oddbjørn Hatlehol med 61 registrerte kampar, Norvald Lausund med 56 registrerte kampar, Saravin Sadasaralingam med 50 registrerte kampar, Fredrik Klokk Løken med 27 registrerte kampar og Frank-Robert Estilrønningen med 4 registrerte kampar.

«No Referee, No Game».

Dommarkoordinator i Brattvåg IL

Alle klubbar har ein dommarkoordinator som skal ordne for dommarar med det som trengs og sette opp dommaroppsettet i kampane 6-14 år i Brattvåg IL. I Brattvåg IL går Fredrik Klokk Løken under tittelen som dommarkoordinator. Løken har hatt tittelen som dommarkoordinator i 7 år.

Løken starta sin eigen dommarkarriere i 2005 som kretsdommar og sidan den gang har han dømt heilt opp til 1.divisjon som 4.dommar. Noko Løken synes er best med dømminga er at han har hatt forskjellege kampar, både kjekke og tøffe kampar, men alt har blitt løyst bra med god samhold mellom dommartemaet, seier Løken. Han sett også samhaldet i dommarmiljøet veldig høgt. Det at alle dommarar i kretsen er kompisar og hjelp kvarandre til å løyse vanskelege og tøffe kampar i dommartemaet synes han er ein fantastisk følelse, seier Løken.

Året 2020 håper Løken å få dømt fleire kampar og brukar det som ein fin trening og mosjon i kvardagen. Målet er å gjere den neste kampen han dømme til den beste. For klubben sin del ønsker han å få fram ein ny rekrutteringsdommar. Han har fått fram 8 rekrutteringsdommarar mellom 2013 – 2017 og fire kretsdommarar. Han seier at om der er folk der ute som har lyst å dømme så er det berre å ta kontakt.

Storsigneringer på dommarsida

Etter sesongen 2018 hadde Brattvåg IL fire kretsdommarar, men på starten av året 2019 signerte Norvald Lausund overgang frå Lepsøy IL til Brattvåg IL. Frank-Robert Estilrønningen signerte også for Brattvåg IL i løpet av året 2019. Med det så vart det seks kretsdommarar i Brattvågen i sesongen 2019.

Brattvåg IL er veldig fornøgd med å signert Lausund og Estilrønningen. For klubben er det viktige å sete i framsete når det kjem til aktiv dommarklubb og aktive dommarar som dømmer mange kampar. Jobben Brattvåg IL har gjort med dommarane dei siste åra ser klubben som ein kvalitetsteikn på arbeidet som har blitt gjort. Året 2016 vart Brattvåg IL årets dommarklubb på Sunnmøre. I 2016 kom Brattvåg IL med eit forslag om belønningsystem, og i 2017 og 2018 har Brattvåg IL fått belønning for arbeidet med dommarar.

Norway Cup 2019

Brattvåg IL var ikkje berre representert på Norway Cup i år med fotballag. I tillegg til J16,G16 og G17 var der tre dommarar i Oslo og dømte på Norway Cup. Bjarte Steinsbu, Norvald Lausund og Saravin Sadasaralingam var alle tre nede i Oslo og representerte Brattvåg IL som dommarar. Veka der varte i 9-10 dagar kor nokon tok fly ned og opp, mens andre kjørte ned og opp igjen. Norvald Lausund vart belønna med finalekamp på den store finaledagen, og alle tre dommarane hadde rundt 20 kampar kvar i aldersgruppene 13-19 år.

Norway Cup handlar ikkje berre om å dømme heile dagen, men også det sosiale. Møte nye dommarar frå andre plassar i Noreg og verda, henge med dei, bli kjent og skape vennskap. For mange er det det sosiale dei reiser ned for, møte menneska dei ser ein gong i året, og prøve å skape gode relasjonar med andre dommarar.

Dagen startar med frukost i ein stor sal kor alle dommarar spis, nokon spis tidleg på dagen, medan nokon søv lenger. Det er nemleg over 400 dommarar der nede så tidspunktet dommarane starta dagen sin på variere. Normalt starta ein dommar som dømme heile dagen, tidleg på dagen og avslutte seint med ein av dei siste kampane i 8-9 tida på kvelden. Mellom kampane kan dommarane ha pause, som dei kan bruke til å ete lunsj og middag i lag med andre på skulen dei bur på, Brannfjell skole. På kveldstid brukar dommarane å ha sosiale samlingar med dei på rommet, kor dei drar til sentrum eller spelar kort og blir kjende på rommet. Brattvåg sine representantar synes det er eit bra opplegg i Oslo, og anbefale det på det sterkaste, viss du vil dømme mykje og viss du vil få nye dommarvennar.

Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos