Fredrikstad 6 - 0 Brattvåg


Eit svært inspirert heimelag tok tak i kampen mot eit passivt Brattvåg-lag frå start. Dusinet vart halvfullt før seriens beste lag ga seg for dagen. Med sigeren kunne champagnen sprettast og no er opprykksfesten i full gang i plankebyen.

Første omgang

Brattvåg reiste med ein sterk tropp og optimisme til Fredrikstad. Dessverre så tok heimelaget initiativet umiddelbart og det var kun ein svært god Aleksandar Stankovic i Brattvåg sitt mål som hindra tidleg leiing for dei kvitkledde.

Til slutt klarte heller ikkje Stanko og stå i mot og Fredrikstad putta to ballar i nota i første omgang. Fullt fortent leiing til pause.


Andre omgang

Trenar Rene Skovdahl gjorde fleire bytter i andre omgang, men dessverre var dette dagen då ingenting hjalp. Fredrikstad fekk store rom og angripe i og scora fire gongar i andre, slik at resultatet enda 6-0.

Med sigeren er Fredrikstad allereie seriemeistrar sjølv om det gjenstår fire serierundar. Dette seier litt om kor suverene klubben ved Glomma sitt utløp har vore i år. Av 16 kampar har 15 endå med tre poeng. Imponerende. Gratulerer til Fredrikstad og lykke til i Obos neste år!

For eigen del må gutane gå i seg sjølve og revansjere dette når Tromsdalen kjem på besøk til helga.

Stadion

Fredrikstad Stadion


Tilskodarar

600


Tidspunkt

14:00, 25. okt. 2020


Dommarar
  • Hoveddommar: Torkjell Trædal
  • Assistentdommar 1: Henrik Skjevestad
  • Assistentdommar 2: Karwan Mamhassan

Mål
  • 1-0, Thomas Drage (21 min)
  • 2-0, Ayoub Aleesami (50 min)
  • 3-0, Carl Lindstrøm (68 min)
  • 4-0, Riki Alba (70 min)
  • 5-0, Sjølvmål (89 min)
  • 6-0, Nicolay Solberg (90 min)

Kort
Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos