Uavgjort i lokaloppgjeret etter ein jamn kamp
Uavgjort i lokaloppgjeret etter ein jamn kamp

Hødd 1 - 1 Brattvåg


Hødd og Brattvåg styrte kampen på Høddvoll i kvar sine periodar. Begge lag scora etter fine prestasjonar, medan begge brente nokre gode tilbod. Etter kampen var begge lag også berre sann passe nøgde. Foto: Sunnmørsposten

Første omgang

Utgangspunktet før kampen mellom Hødd og Brattvåg var klart; Hødd absolutt burde vinne om dei ville henge med i kampen om kvalifisering til opprykk, medan Brattvåg hadde mykje prestisje å spele om.

Tidleg Hødd-leiing

Allereie etter fem minutt går heimelaget i føringa. Ei svak klarering blir slått høgt opp i lufta. Melvin Firthzell tar ballen nydeleg ned og bankar den inn bak Stanko. Det opplevast som eit svært unødvendig baklengsmål. Samstundes er det to gode touch av Hødd-spissen når han først får muligheita. Ei tidleg Hødd-scoring var det vi kunne frykte mest. Det opplevde vi også i august og følte at vi måtte jage heile kampen og fekk aldri spelet til å gli.

Heldigvis svarte gutane på ein annan måte denne gongen. Ikkje lenge etter scoringa har Agwa Obiech ein god sjanse etter godt slått frispark frå Ola Husby. Dessverre går Agwa si heading like over heimelaget sitt mål.

Flott utlikning

Etter halvtimen er det vår eminente midtbanetrio som ordnar utlikning. Emil Dahle vendar seg vekk frå press ved midtstreken. Han spelar flott opp til Ola som har funne seg plass i mellomrommet. Han spelar vidare til Sami Kamel. Han fyrer av frå 20 meter. Han får kjempetreff og bankar ballen i nota og utliknar til 1-1. Sami sitt sjette mål som midtbanespelar i år. Samtidig det første sidan dobbelen mot Fløya 13. september.

Andre omgang

Andre omgang har laga også i kvar sine periodar. Vi har gode sjansar til å score, samstundes er ikkje Hødd ufarleg heller. Ein gong må Stanko vise god reaksjon for å berge uavgjort. I andre enden er Singh og Jonassen farleg frampå på slutten.

Det endar likevel 1-1. Begge lag er nok berre mellomnøgde med resultatet. Hødd håpte nok på siger for å ha sjanse på kvalifisering, medan våre gutar var svært lystne på siger i lokaloppgjeret.

Kvik og Skeid igjen

Neste helg er det ny tur til Halden og kamp mot Kvik søndag. Etter det kjem Skeid på besøk til sesongavslutning laurdag 21. november.

Stadion

Høddvoll


Tilskodarar

350


Tidspunkt

16:00, 7. nov. 2020


Dommarar
  • Hoveddommar: Mathias Smehus Kringstad
  • Assistentdommar 1: Martin Javier Solheim
  • Assistentdommar 2: Even Myrheim

Mål
  • 1-0, Melvin Frithzell (5 min)
  • 1-1, Sami Kamel (30 min)

Kort
  • Jens Husebø - Hødd (55 min)
  • Eirik Saunes - Hødd (72 min)
  • Peter Nielsen - Brattvåg (83 min)
  • Marius Refsnes - Brattvåg (90 min)
  • Netan Sansara - Hødd (90 min)
Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos