Uavgjort borte mot Alta.
Uavgjort borte mot Alta.

Alta 1 - 1 Brattvåg


Brattvåg klarte å følge opp den gode kampen mot VIF med ein god kamp i Finnmarkshallen mot heimesterke Alta i helga. Etter å ha styrt store delar av kampen måtte gutane litt skuffa klare seg med 1-1 til slutt.

Første omgang

Brattvåg sitt herrelag var på skikkeleg langtur i helga. Tidlegare har Brattvåg spela kamp så langt nord som til Steinkjer. Denne gongen vart det heile 1270 kilometer lenger nord, til Alta.

Kampen mot det sterke laget frå nord gjekk i Finnmarkshallen. Dette var ei ny erfaring for gutane. Likevel var det ein offensiv gjeng som gjekk på bana og ville halde fram med det høge presset ein viste mot VIF 2 måndag.

Vi skapar fleire gode muligheiter i byrjinga, men får ikkje utteljing før etter 28 minutter. Det byrjar med at keeper Aleksandar Stankovic er langt ute og fanga reit oppspel. Han spelar ballen til Emil Dahle. Han set i gong eit angrep som endar med at Sondre Beite legg til Emil igjen. Frå 17 meter klinkar kapteinen vår til med venstrefoten. Ballen smeller i stolpen, går i kroppen på keeper og i mål.

Etter dette trykker vi på og Emil får ein stor sjanse til å doble, men blir litt ubesluttsom når han plutseleg er åleine med keeper. Vi går med det til pause med 1-0. Dette etter ein svært god omgang der det høge presset ikkje gir Alta arbeidsro til å bygge opp spelet sitt.

Andre omgang

Andre omgang byrjar på same måte og vi har god kontroll. Halvvegs i omgangen støter Victor Wagner ut og klarerer ein lang ball. I duellen går han i kroppen på ein motstandar som går i bakken. Dommaren vel å gi Victor sitt andre gule kort og sender han av bana. Ei streng avgjerd frå ein dommar som sjølv dei argaste Alta-patriotane følte var heimedommar!

Etter dette senka vi laget og gjorde det vi kunne for å halde på leiinga. Nokre minutt etter utvisninga har Emil kontroll på ballen midt på eigen halvdel. Han blir halde i tre sekunder av ein motstandar og stoppar og ventar at dommaren skal blåse. Det skjer ikkje og Alta tar ballen og bankar den i vinkelen. Eit flott skot, men at vår ven i svart ikkje blåser frispark er framleis ei gåte.

Etter dette blir det ein forsvarskamp der vi satsar på kontringar. Vi får to store sjansar, men maktar ikkje sette dei. I andre enden skapar Alta nokre farligheiter på dødball. Stanko er solid og tar det som kjem.

Såleis vart det 1-1 og uavgjort. Gutane skal vere stolte over innsatsen og prestasjonen, sjølv om dei etter kampen var skuffa over at det vart kun eit poeng.

Neste kamp er heime mot Senja komande søndag klokka 13:00.

Tilskodarar: 200 (to frå Brattvåg. Tusen takk for støtta Karin og Per Inge Vik)

Stadion

Finnmarkshallen


Tilskodarar

200


Tidspunkt

16:00, 25. juli 2020


Dommarar
  • Hoveddommar: Sebastian Mikalsen
  • Assistentdommar 1: Tom Egil Olsen
  • Assistentdommar 2: Sondre Biti Sandvik

Mål
  • 0-1, Emil Dahle (28 min)
  • 1-1, Brage Berg Pedersen (51 min)

Kort
  • Victor Wagner Pedersen - Brattvåg (9 min)
  • Niklas Rekfal - Brattvåg (50 min)
  • Sam Tattum - Brattvåg (64 min)
  • Victor Wagner Pedersen - Brattvåg (70 min)
  • Dag Andreas Balto - Alta (83 min)
Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos