Brattvåg 1 - 1 Tromsdalen


Brattvåg leverte ein svært god første omgang mot Tromsdalen og burde leia med fleire mål til pause. På tampen nyttar i staden Tromsdalen ein av sine sjansar og stel med seg eit poeng heim.

Første omgang

Om fotball hadde vore eit spel utan scoringar hadde Brattvåg vunne denne kampen. Laget var nemleg klart best i alle fasar den første timen. Dessverre er sjanseuttellinga nok ein gong for dårleg.

Flott første omgang

Brattvåg spelar ein svært god første omgang. Det eine angrepet følger det andre og det blir skapt mange sjansar. Paradoksalt nok må det ei tabbe i gjesteforsvaret til for å scoring. Sami Kamel snappar ballen og rundar keeper. Frå skrått hald legg han tilbake til Torbjørn Grytten som enkelt set inn 1-0.

Sjølv om heimelaget produserer fleire store sjansar også etter scoringa så rir Tromsdalen stormen av og går til pause med eit flatterande resultat. For Brattvåg sin del var omgangen svært positiv. Fleire spelarar på løp samtidig og hurtig spel i lengderetning.


Andre omgang

Ikkje kyniske nok

Andre omgang byrja også positivt og Brattvåg hadde fleire muligheiter til å doble leiinga. Når dette ikkje skjedde så kom Tromsdalen seg etterkvart meirmed i kampen og siste halvdelen av omgangen så skapte dei også fleire gode sjansar.

Brattvåg blir også for omstendelige i denne omgangen og gjerting vanskeleg. Det blir heller ikkje avslutta når ein har muligheiter til det.

I det vi rundar 90 minutt kjem også gjestane si utlikning. Eit innlegg frå venstre blir kontant ekspedert i mål av Gabriel Andersen med hovudet.

1-1 blir også sluttresultatet. Igjen opplever vi at manglande kynisme i begge felt fører til tapte poeng. Svært mykje positivt å ta med seg frå kampen. Samstundes må vi ta lærdom av at det er ofte inne i 16-meteren kampane blir avgjort.

Tar gutane med seg det spelemessige til kampen mot Hødd i helga så er det gode muligheiter om ein også er gode i boksene.

Stadion

Brattvåg Stadion


Tilskodarar

284


Tidspunkt

13:30, 1. nov. 2020


Dommarar
  • Hoveddommar: Robert Eggen
  • Assistentdommar 1: Anders Husøy
  • Assistentdommar 2: Ole Petter Stenberg

Mål
  • 1-0, Torbjørn Grytten (26 min)
  • 1-1, Gabriel Andersen (90 min)

Kort
  • Gabriel Andersen - Tromsdalen (40 min)
  • Juan Manuel Cordero Santana - Brattvåg (55 min)
Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos