Tap i seriepremiera
Tap i seriepremiera

Skeid 2 - 1 Brattvåg


S​keid vart for sterke og vann 2-1 mot våre menn i serieåpninga på Nordre Åsen i Oslo. Etter einsvak første omgang var vi 2-0 under til pause. Andre omgang var mykje betre, men dessverre ikkje nok til poeng.

Første omgang

Brattvåg stilte godt førebudd til serieåpninga. Den korte oppkøyringa har vore god og spelarane har vist god for inn mot kampen mot Skeid søndag.

Tøff start

Det vart ein tøff start på kampen for oss. Skeid var aggressive og vann mange duellar. Dette førte til mange dødballari mot og vi vart pressa bakover. Etter vel halvspelt kjem også første scoringa. David Gyedubankar ballen inn bak god Aleksandar Stankovic etter pasning frå Daniel Braaten.

Skeid trykker på også etter scoringa. Dei tvingarStanko til fleire gode redningar og når han blir overspela er stolpen redninga.

Rett før dommaren skal blåse til pause får Skeid hjørnespark. Victor Wagner må på sidelina for å bli kvitt litt blod etter duellen som fører til hjørnespark. Dette gjer at vi mangla rein viktig mann på dødballen. Heimelaget utnyttar dette og toppscorarJohnny Budusonset sikkert inn 2-0. Våre spelarar vil ha offside på einspelar som dekkjarStanko, men klagar for døve øyrer. Dermed 2-0 til pause.


Andre omgang

Betring i andre

Spelarane er skuffa over seg sjølve i det dei går til pause. Prestasjonen i første omgang er langt under det deiforventar av seg sjølve. Difor er det einrevansjesugen gjeng som kjem på bana til andre omgang.

Der løftar laget seg og klarer i periodar å trykke heimelaget bakover. Alexander Jonassen er nærastetter ei god heading på frispark frå Sam, men keeper reddarglimrande.

Etter 74 minutt gir trykket resultat. Ein Skeid-spelarer uheldig og set ballen i eige mål etter dødball.

Vi pressar på for å få ei utlikning. Dette gjer oss sårbår for overgongari mot. På ein slik overgong er debutant Sam Tattum sein i ei takling og får sitt andre gule kort og dermed raudt. Einkjedeleg debut for Sam, som dermed må stå over heimekampen mot VIF 2 komandemåndag.

Stadion

Nordre Åsen


Tilskodarar

200


Tidspunkt

13:00, 12. juli 2020


Dommarar
  • Hoveddommar: Anders Bodding
  • Assistentdommar 1: Kjartan Øxseth
  • Assistentdommar 2: Simen Nordengen

Mål
  • 1-0, David Gyedu (25 min)
  • 2-0, Johnny Buduson (45 min)
  • 2-1, Sjølvmål (74 min)

Kort
  • Sam Tattum - Brattvåg (15 min)
  • Daniel Braaten - Skeid (41 min)
  • Mats Andersen - Skeid (61 min)
  • Sami Kamel - Brattvåg (66 min)
  • Emil Dahle - Brattvåg (81 min)
  • Hassan Yusuf - Skeid (84 min)
  • Adonai Kidane - Skeid (90 min)
  • Sam Tattum - Brattvåg (90 min)
  • Harmohan Singh - Brattvåg (90 min)
Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos