God angrepsfotball ga storseier
God angrepsfotball ga storseier

Brattvåg 6 - 0 Vålerenga 2


Det vart verkeleg moro i første seriekampen på stadion på ni månader. Gutane leverte flott angrepsfotball og vann til slutt heile 6-0 mot Vålerenga 2.

Første omgang

Brattvåg gjekk på bana med ei offensiv innstilling og pressa VIF 2 høgt. Dette resulterte i fleire gode sjansar tidleg i kampen. Etter 13 minutt blir det til slutt scoring. Sondre Beite set ballen trygt i tomt mål med hovudet etter retur frå keeper.

VIF kjem litt meir med ei periode etter scoringa, men siste kvarteret av første omgang er det kun eit lag på bana. 2-0 kjem etter flott angrepsspel Juan Cordero bryt eit forsøk frå Vålerenga. Spelar til Beite og fossar framover. Han får igjen ballen med Beite, forserer til dødlinja og legg 45 grader til Torbjørn Grytten. Han er sikker framfor kassa og doblar leiinga.

Ikkje mange minutta etter er Torbjørn på farta igjen. Han vinn ballen flott og held på ballen. Han ventar til Sondre Beite stikk i fin posisjon og chippar ei gjennombrotspasning. Den vesle elegantan lobbar ballen særdeles elegant i mål til pauseresultatet 3-0.


Andre omgang

Etter eit kvarter i andre omgang skjer ein spesiell episode. Vemund Hole Vik fossar framover, men blir forsøkt holdt. Han slit seg fri og stormar vidare. Etter 40 meter blir han holdt igjen av same mann. Denne gongen lykkast han i hå få Vemund i bakken. Resultat; gult kort for begge holdingane og dermed raudt.

Etter dette er det kun eit lag på bana. Heimelaget rullar opp angrep på angrep og scorar tre flotte mål. 4-0 blir scora av Sami Kamel. Ei flott avlsutning i vinkelen etter innlegg frå Vemund Hole Vik frå høgre.

5-0 kom ved Harmohan Singh. Flott kombinasjonsspel endar med at Sami Kamel spelar Harry gjennom. Han er sikker åleine med keeper.

Debutant Mohammed Elkington får æra av å avslutte ballet etter at Vemund og Ola Husby har dansa seg lekkert gjennom på høgresida. Vemund kan skyte sjølv, men vel å spele til ein heilt umarkert Moa, som set den enkelt i mål.

6-0 smakar svært godt og er eit sterkt resultat. For publikum varma også den positive fotballen. No må gutane nyte denne sigeren i kveld, før det vert nullstilling mot ein knalltøff bortekamp mot Alta i Finnmarkshallen i helga.

Stadion

Brattvåg Stadion


Tilskodarar

200


Tidspunkt

18:00, 20. juli 2020


Dommarar
  • Hoveddommar: Bendik Haarberg
  • Assistentdommar 1: Karl Edvard Brendskag
  • Assistentdommar 2: Adrian Bratli

Mål
  • 1-0, Sondre Beite (13 min)
  • 2-0, Torbjørn Grytten (34 min)
  • 3-0, Sondre Beite (38 min)
  • 4-0, Sami Kamel (68 min)
  • 5-0, Harmohan Sing (74 min)
  • 6-0, Moa Elkington (86 min)

Kort
  • Niklas Rekdal - Brattvåg (23 min)
  • Oskar Aron Opsahl - VIF 2 (59 min)
  • Oskar Aron Opsahl - VIF 2 (59 min)
  • Ola Husby - Brattvåg (83 min)
Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos