Første omgang
Heldigvis viste våre beste menn frå start av at skeptikarane kunne slappe av. Karane var skikkeleg på og dominerte kampen fullstendig fråstart. Vi skapte fleire gode sjansarfør Sami Kamel etter åtte minutt drar seg fri og bankar ballen sikkert i mål. Flott scoring frå Sami.
Skøye-Messi i slag
Gutane held trykket opp etter scoringa og Sondre får ein stor sjanse etter 13 minutt. At han brenn den gjer ikkje noko, for eit halvt minutt etter er Skøye-Messi på ferde igjen. Ola Husby slår ei glimrande gjennombrotspasning og Sondre bankar inn 2-0.
Etter 23 minutt er vår toppscorar på ferde igjen. Glitrande kombinasjonsspel med mange pasningar på første berøring endar med at Sami kjem gjennom. Hans skot blir blokkert, men landar perfekt for Sondre sin presise venstrefot. Han set sikkert inn 3-0, og vi er framleis berre halvvegs i første omgong.
Vi har dessverre problem med å halde aggressiviteten og tempoet oppe etter scoringa. Vi produserer framleis sjansar, men heimelaget kjem meir med i kampen. Og etter 38 minutt kjem reduseringa på eit godt skot frå 15 meter, utanfor Stankovic si rekkevidde.