Brattvåg 1 - 2 Fredrikstad


Det vart ein underhaldande kamp då topplaget Fredrikstad gjesta Brattvåg. I ein open kamp såg det ut til å gå mot uavgjort då dommar minuttet før slutt peika på ellevemetersmerket.

Første omgang

Sommartemperatur, to angrepsvillige lag og eit engasjert publikum la ei flott ramme rundt kampen mellom Brattvåg og Fredrikstad laurdag. Gjestane byrja best og Aleksandar Stankovic måtte i aksjon eit par gongar tidleg i kampen. Det er vi som kjem til den største sjansen tidleg. Torbjørn Grytten blir spela flott gjennom, men frå skrått hald treff avslutninga innsida av stolpen.

Solid heading etter corner

Ikkje lenge etter Tobbe sin sjanse får Fredrikstad corner frå høgre. Thomas Drage slår inn og den gode serven blir stanga meget kontant i mål av Henrik Kjelsrud Johansen.

Begge lag held fram med å skape gode sjansar. For oss har Sondre Beite den største, men han klarer ikkje å overliste ein god Håvar Jenssen bakerst hos gjestane. I andre enden må Stanko i aksjon fleire gongar. Fleire gode redningar gjer at vi går til pause med 0-1.

Andre omgang

Ola med draumetreff

Publikum er endå ikkje ferdig med pausesjokoladen før Brattvåg utliknar. Ola Husby får ballen frå Sami Kamel og fyrer av frå 20 meter. Han får kjempetreff og limer ballen klint opp i vinkelen.Sjeldan har det sindige Brattvåg-publikumet vist slik glede. Ei fantastisk scoring av Ola.

Etter Ola si scoring jaktar begge lag leiarmål. Det blir skapt fleire gode sjansar i begge retningar. Fredrikstad har flest, men Stankovic står glimrande i Brattvåg sitt mål.

Straffe i sluttminutta.

Eit minutt før slutt skjer det som avgjer kampen. Fredrikstad slår innlegg frå høgre og Kjelsrud Johansen fell over ende og får straffe. Stanko er etter straffa, men klarer ikkje å stoppe skotet frå Nieves.

FFK snart i mål

At FFK vinn kampen gjer at dei har 13 poeng ned til nummer to. Dei viser også med denne sigeren at dei er eit topplag. Dei skapar mange sjansar og ønsker å angripe også på bortebane.

For vår del er kampen eit bevis på at vi kan spele jamt med dei aller beste i divisjonen og at vi manglar berre litt framfor mål på å vinne slike kampar. Den utteljinga kan kome i sluttspelet og der kan alt skje. Vi ligg pr i dag sju poeng bak 2. plassen, men alle kampar er tøffe og får vi flyten så kan ein plukke poeng på alle lag i løpet av få kampar.

Stadion

Brattvåg Stadion


Tilskodarar

200


Tidspunkt

15:00, 10. okt. 2020


Dommarar
  • Hoveddommar: Oliver Barsøe
  • Assistentdommar 1: Johannes Remøy
  • Assistentdommar 2: Eirik Furu

Mål
  • 0-1, Henrik Johansen (15 min)
  • 1-1, Ola Husby (48 min)
  • 1-2, Martin Nieves (89 min)

Kort
Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos