Norborg/Brattvåg 5 - 3 Harøy


Sesongen første treningskamp for samarbeidslaget enda med siger for eit ungt lag, mot Harøy. Med fleire debuter på seniornivå var det mykje positivt å ta med seg viare.

Første omgang

Det opna godt, og heimelaget gikk tidleg opp i leiinga etter mål frå straffemerket av Magnus A Seth, dette etter at Fredrik Hurlen blei takla av keeper etter eit hærleg raid inn frå kant. Ein ny debutant glitrar allereie etter 11 minutt, Eirik Vågnes får ballen på tjue meter og plasserer ballen nærmast limt oppe i vinkelen.

Fjorårets toppscorar Magnus er mannen som aukar til 3-0, etter flott forarbeid av Vidar Rogne på venstrekanten.

Dette var også pauseresultatet.

Andre omgang

Vi kjem ikkje like godt i gang i andre omgang, og tre kjappe mål frå Harøy gjer at det står 3-3. Og først då ser det ut som vi vaknar til liv att. Nok ein gang er det Magnus som scorar, denne gang med eit langskot.

Jesper Vos får æra av å avslutte målshowet i Uggedalen når han etter flotte kombinasjonar sende ei kule av garde uttakbart nede i venstre hjørnet. Dermed endar det 5-3 i årets første kamp.

Vi gratulerer Eirik Vågnes, Tobias Jenssen og Sander Arntsen med sine debuter på senior. Gledeleg er det at også Fredrik Hurlen er tilbake frå eit 20 månaders skadeavbrekk og viser at han fortsatt blir å rekne med. For Fredrik i lag med dei andre juniorane klarte seg særs godt.

Stadion

Uggedal Stadion


Tilskodarar

25


Tidspunkt

18:45, 5. feb. 2019


Dommarar
  • Hoveddommar: Geir Ove Grønnli
  • Assistentdommar 1:
  • Assistentdommar 2:

Mål
  • 1-0, Magnus Austbø Seth (8 min)
  • 2-0, Eirik Vågnes (11 min)
  • 3-0, Magnus Austbø Seth (16 min)
  • 3-1, Illya (46 min)
  • 3-2, Sjølvmål (54 min)
  • 3-3, Illya (59 min)
  • 4-3, Magnus Austbø Seth (71 min)
  • 5-3, Jesper Vos (85 min)

Kort
Lag Invest
Kongsberg Maritime
NMK
Brabil
Bunnpris
Sparebanken Møre
First Seafood
Artal
Tafjord
Vard
Påmelding til Telenor Xtra FFO
Hatlehols
Tine Fotballskule
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
LAG Invest
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro