Brattvåg kom måndag til einigheit med svensken Saihou "CH" Jagne, dette blir tredje spelaren inn denne sommaren. "CH" kjem frå den indiske klubben Fateh Hyderabad AFC. Etter ein vellykka første sesong i India vendte han heim til Sverige, før han no altså vende snuten mot Brattvåg.
"CH" har fleire sesongar i Noreg før han tok sjansen på å prøve lykka i Indisk fotball, blant anna møtte vi han i 2016, då satte han inn eit mål mot oss i kampen mot HamKam på Briskeby. På sine tjue kampar for HamKam vart det 13 mål. Året før scora han 10 mål på 12 kampar for Brumunddal.
Vi er veldig nøgd med at "CH" har kome til Brattvåg. Vi får inn en spelar med stor erfaring frå spel på høgare nivå, både i Sverige og Norge. "CH" har spanande spisskvaliteter som vi trur vil gagne laget godt i haust kommenterer sportssjef Per Gidlund til heimesida
Velkomen til Brattvåg!